Litlebergen steinfest
Bakgrunn
I månadene før tørrmurar Haakon Aase gjekk bort i 2024 var han, saman med resten av arrangementskomitéen, i full sving med å planleggja ein tørrmuringsfestival på Litlebergen. Kongstanken til Haakon var kunnskapsformidling og kunnskapsutveksling, men han hadde òg alltid eit sterkt ynskje om, og eit sterk evne til, å knytte folk saman. Vi vel å tenkja at Haakon er med oss når vi no inviterer til Litlebergen steinfest 2025!
Denne festivalen skal vere ein samlingsplass for folk som har driva med tørrmuring eller har litt erfaring med naturstein. For at kunnskapen om tørrmuring ikkje skal forsvinna trur vi at det viktig at vi som driv med dette handverket kan finna saman i blant for å utveksla tankar, kunnskap, frustrasjon og gleder. Vi skal arbeida og eta saman, men ikkje minst skal vi bli betre kjende. Vi får vel nesten kalla det eit bransjetreff!
Steingarden
Steinen har prega bygg og anlegg her på vestlandskysten til «alle tider». Bruken av stein har vore omfattande og variert. Eitt av dei mest markante trekka i kulturlandskapet vårt er steingarden. Steingarden har laga skilje mellom innmark og utmark, han har vore nytta til markering av eigedomsgrenser og han har ringa inn frukthagar og beite. Å byggja ein steingard var ein gong allmennkunne på gardane. For tida er det mange som spør etter hjelp til å halda kurs i istandsetjing av steingardar. Vi treng mange gode folk som kan halda slike kurs, og som kan formidla kunnskap om steingardane. Vi vonar og trur at det kan finnast framtidige kurshaldarar blant festivaldeltakarane. Årets hovudtema er altså steingarden.
Felles oppgåve
I løpet av desse tre dagane skal vi saman arbeida med å setje i stand ein gamal steingard som har markert skiljet mellom innmark og utmark på garden Sunde på Litlebergen. Muren er prega av manglande vedlikehald over ei årrekkje. Her trengs både reparasjon og oppbygging frå grunn. Espen Marthinsen, Berit Bruvik og Steven Rowe vil leia dette arbeidet.
Arbeid om dagen – program om kveldane
I tillegg til det praktiske har vi tenkt å heva det teoretiske kunnskapsnivået vårt. Vi inviterer såleis til program om kveldane der tørrmuring og tilgrensande tema, og sjølvsagt steingarden, vil bli sett i fokus. Vi ynskjer å skapa ei hyggeleg sosial ramme om desse kveldane med kultur, litt for tunge og gane – og ein god drøs. Fast møtepunkt etter arbeidstid blir sjøbua vår, Lageret, på Litlebergen. Vi legg ikkje skjul på at tiltaket vårt er inspirert av «steinfestivalane» dei arrangerer borte på dei britiske øyar og i Irland. Der har også eit godt glas øl og ein god song sin sjølvsagde plass.
Vi vonar å sjå deg i slutten av august!
Frekhaug 13.03.2025
Arrangementskomitéen
Kristine Fluge, Steven Rowe, Berit Bruvik
Kjersti Aase Winjum, Andreas Haugland, Øyvind Aase Fluge, Åsmund Aase Fluge, Sivert Aase Fluge